Totalt antall sidevisninger

søndag 18. september 2016

Å planlegge eit undervisningsopplegg

Eg hadde neppe overlevd 10-15 intense år som faglærar, kontaktlærar og teamleiar i ungdomsskulen, utan å lage meg gode rutinar og verktøy for planlegging av undervising og læring. Gode opplegg fører ofte til gode læringsøkter, med arbeidsro og effektiv læring for elevane. Vi snakker om kjerneoppgåva for læraren, og dette bør prioriterast høgt i ein hektisk kvardag. 

Sjeldan arbeider ein som lærar i ungdomsskulen berre med ei økt, eitt undervisningsopplegg eller eitt fag om gongen. Heller er det snakk om mange opplegg i fleire fag samstundes. Dei fleste kombinerer gjerne også faglærarrolla med administrative oppgåver. Er du til dømes kontaktlærar og teamleiar blir du aldri arbeidslaus. Dessutan må du delta på møter. Gode og viktige møter, dårlege og uviktige møter. Tida er alltid ein knapp ressurs. Du må alltid ha oversikt over kor mykje tid du har og kor mykje tid du treng.

Når eg skal planlegge eit undervisningsopplegg, startar eg oftast med å sjekke læreplanen om kor viktig dette temaet er. Eg sjekkar årsplanen, halvårsplanen og vekeplanen. Innimellom, før eller etter snakkar eg med dei andre faglærarane på trinnet: Kva anna skal elevane gjennom i denne perioden? Er der tid til å gå i djupna, eller skal vi berre touche overflata og gå vidare? Kor mange timar kan vi bruke? Korleis skal vi vurdere dette stoffet? Skriftleg prøve? Munnleg framføring? Innlevering? Har vi gjort dette før? Er der noko vi kan revidere og bruke oppatt? Er der andre fag som er innom same temaet? Så kjem dei andre rammene. Vi "tenker gjennom" elevane våre. Kva kan dei frå før? Kven treng kva slag tilpasning? Kva arbeidsmåtar er best? 

Mange spørsmål. Nokre svar. 

Dersom det er eit fagtema av eit visst omfang som eg ønskjer eit solid vurderingsgrunnlag på - vil eg lage ei komplett oppgåvebestilling med kompetansemål og vurderingskriterium som inkluderar kjenneteikn på måloppnåing. Om det berre er eit lite tema vil beskrivinga berre vere på vekeplanen eller på Fronter. Eg prøver som regel å velje metodar som i flg. forskning har vist seg effektive på læringsutbytte; litt lærarstyrt, litt elevaktivt, alltid proaktivt.

Sjeldan er ein skuletime meir vellukka enn den du har brukt god til på å planlegge. Merkeleg er det då at det er planlegging av undervisning og læring som oftast lid i kampen mot møter, utviklingsarbeid, føring av fråvere eller andre viktigare ting.



1 kommentar:

  1. Great insightful blog on your practice and reflections on your approach, I'm interested to know a little more about your thoughts on innovation in learning. Good work.

    SvarSlett